BESØK FABRIKKEN VÅR

Berre 50 minutt å køyre frå Bergen

På Osterøy, like utanfor Bergen, finn du hjartet i Norlender: den familieeigde strikkefabrikken vår i den vesle bygda Hosanger, ved fjorden.

Historia til Norlender byrja i 1927, berre nokre kilometer herifrå, på ein fjellgard. I dag, generasjonar seinare, held vi fram tradisjonen på fabrikken vår i Hosanger, der vi framleis strikkar, syr og produserer ein stor del av kolleksjonen vår.

Kom og sjå maskinane i arbeid, møt folka som lagar genseren din, og handle direkte frå fabrikken.

OPNINGSTIDER

Måndag til fredag: kl. 09.00 til 15.00

(Ope laurdag og sundag om sommaren og i førjulstida)

Sjå og lær

Sjå og lær

Sjå strikkemaskinane i arbeid, sjå korleis delane vert sydde saman, og følg prosessen heilt fram til det ferdige plagget.

Utsalet

Utsalet

Sjå heile kolleksjonen, og leit gjennom arkivplagg, prøveplagg og eineståande genserar – funn du ikkje ser på nettet.

Utforsk meir

Utforsk meir

Hosanger er ei lita bygd ved fjorden på Osterøy, og det er mykje å oppleve etter besøket på fabrikken vår. Gå den kjende turen i Kossdalsvingane, nyt utsikta over fjorden, eller ta det med ro i det lokale kunstgalleriet, besøk kafeane eller bestill ei flytande badstove på fjorden.

"Ein genser tek mykje lengre tid å lage enn dei fleste trur. Når du har sett det, ser du annleis på han."

Berit Teigland, produksjonssjef

Kvifor vi held maskinene i gang

Som ein av dei få strikkefabrikkane som er att i Noreg, betyr det mykje for oss å halde tekstilproduksjonen i live her. Ved å halde fram med produksjonen i Noreg vil vi ta vare på generasjonar med tekstilkunnskap og handverk, skape lokale arbeidsplassar og bidra til eit levande lokalsamfunn her i bygda vår på Osterøy. For oss handlar det å halde maskinane i gang òg om å sørgje for at denne kunnskapen og desse tradisjonane ikkje berre vert hugsa, men at dei framleis vert brukte, delte og førte vidare.

Garnet vårt - 100% ull

Kvar Norlender-genser byrjar med garnet. Vi kjøper det frå nokre få europeiske spinneri som vi har samarbeidd med i mange år. Spinneria er sertifiserte etter OEKO-TEX® STANDARD 100, som vil seie at garnet er testa for skadelege stoff og er trygt å ha mot huda.

Vi har strikka med ull sidan 1989, då tredje generasjon gjekk over frå bomull til ull på fabrikken. Ull er varm, sjølv når ho blir fuktig. Ho pustar, så du har det godt både inne og ute. Og ho held forma, så ein godt stelt genser kan vare i mange år.

Til dei fleste genserane våre brukar vi norsk ull, som gir ein solid og varm genser laga for utandørs bruk i all slags vêr. Dei lette strikkeplagga våre er laga av ekstra fin merinoull, som er mjuk nok til å ha direkte på sensitiv hud.

Der genseren din blir laga

Vi strikkar og syr ein stor del av kolleksjonen vår her på fabrikken i Hosanger. Resten lagar vi saman med nokre få fabrikkar i Europa som vi stolar på.

Maskinane og kapasiteten vår har sine grenser. Nokre plagg krev maskinar vi ikkje har, eller større volum enn vi kan produsere her. Då samarbeider vi med erfarne fabrikkar som har spesialisert seg på akkurat den typen strikk.

Kvar produktside fortel kvar plagget er laga. Plagg merka “Laga i Noreg” er laga på fabrikken vår i Hosanger. Plagg merka “Laga i Europa” er laga av partnarfabrikkane våre. Uansett er dei alltid laga etter våre eigne design, i våre eigne garn og kvalitetar. Vi meiner du skal vite nøyaktig kva du kjøper.

Mann i mønstret ullgenser på svaberg ved kysten

Noreg

Dei fleste av dei klassiske genserane våre vert laga på fabrikken vår i Hosanger. Dei vert strikka på maskinane vi har her, og i mengder vi kan produsere sjølve, slik at vi kan lage dei frå start til slutt under eige tak. Mange av desse modellane har vore i kolleksjonen vår i årevis, og dei som strikkar og syr dei, kjenner kvar minste detalj.

Europa

Europa

Det meste av tilbehøret vårt, i tillegg til dei finare strikkeplagga, vert laga av partnarfabrikkar i Europa. Lette merinogenserar krev finare strikkemaskinar enn dei vi har i Hosanger. Plagg med mykje handarbeid vert laga av fabrikkar som har spesialisert seg på nettopp det. Vi vel partnarar som kan desse teknikkane godt, slik at kvart plagg vert laga der det vert laga best.

Garn

Garn

Vi kjøper garnet vårt frå nokre få europeiske spinneri. Dei er sertifiserte etter OEKO-TEX® STANDARD 100, som tyder at garnet er testa for skadelege stoff.

Planlegg besøket ditt

Velkommen til oss! Besøk den historiske fabrikken & familiebedrifta vår!

Adresse: Osterøyvegen 2184, 5282 Lonevåg, NOREG

Opningstider: Måndag til fredag: 09.00–15.00

(Ope laurdag og søndag om sommaren og i førjulstida)

Slik kjem du hit: 50 minutt med bil frå Bergen. / Eller ta tog og buss frå Bergen.

Grupper og omvisingar: Vi tek gjerne imot grupper og tilbyr omvising på fabrikken. Send e-post til sales@norlender.no eller ring +47 56 19 20 00 for å bestille.

Spørsmål: sales@norlender.no · +47 56 19 20 00