Arkivet:
Tidlegare kolleksjonar, prøveplagg og plagg med små feil. Dei fleste er eineståande, og alle er prisa under det vanlege utvalet vårt. Nye plagg kjem utan varsel, og endå fleire ventar i fabrikkbutikken vår i Hosanger.

Vi lagar ultra slow fashion
Kvar modell vert produsert i små parti, og plagga våre held seg i kolleksjonen i mange år. Difor sit vi aldri att med store restlager som må seljast ut for å gje plass til noko nytt. Vi lagar klassiske plagg, vel kvalitet framfor kvantitet og går vår eigen veg.
Arkivplagga kostar frå eit par hundre til rundt 1 000 kroner mindre enn vanleg pris. Prisen speglar tilstanden og historia til plagget, og han er den same heile året. Dei fleste plagga er eineståande. Du har same returrett som på alle dei andre plagga våre.
Nye plagg kjem til Arkivet så snart vi har dei, og det kan skje utan varsel. Ser du etter noko spesielt? Ta kontakt med oss.
Berre nokre få av dei unike plagga våre kjem ut på nettet. Vil du sjå alle, kan du besøkje fabrikkbutikken vår i Hosanger på Osterøy, like utanfor Bergen.
Ope måndag til fredag frå kl. 9 til 15. Ope også laurdagar og søndagar i sommarsesongen og i førjulstida.
Nye plagg kjem til Arkivet så snart vi har dei, og det kan skje utan varsel. Ser du etter noko spesielt? Ta kontakt med oss.